Fagerlia / Aktuelt / Nyheter / Studietur til Berlin

Tyskelevar på studietur til Berlin

14. - 20. mars var 18 elevar frå VG 2 på studietur til Berlin. På dagtid var det undervisning ved den private språkskulen BSI, og på ettermiddagane fekk elevane oppleve byen aleine så vel som med guide. På hovudbiletet er alle elvane avbilda med Berlinerdomen i bakgrunnen.

Elevane fekk sjå blant anna Berlinerdomen og konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Særskilt sistnemnde gjorde sterkt inntrykk. På kveldstid var elevane med på ulike konsertar, til dømes ”Blue Man Group” og ”Australian Pink Floyd Show”.

Elevane hadde stort utbytte av undervisinga, som gjekk føre seg utelukkande på tysk. Språkbarrieren vart broten, og det vart snakka mykje tysk både på skulen og under opphaldet elles.