Stordalingar representerte Fagerlia på EO MR sitt årsmøte
Helga 23 – 25.04.2010 hadde Elevorganisasjonen Møre & Romsdal årsmøte på Fræna. Representantar frå Fagerlia var observatør Therese Skavøy frå 1HS1 og delegat og elevrådsleiar Kristofer Olai Ravn Stavseng.
Referat frå årsmøte for Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal ved elevrådsleiar Krisofer Olai Ravn Stavseng:
Vi er båe stordalingar. Difor må eg stille spørsmål ved om ålesundarane verkeleg er nøgd med at det berre er stordalingar som representerer den ant største skulen i byen. Det er i alle fall ganske utruleg. No skal det seiast at stordalingar har gode diplomatiske evner, så der er inga grunn til panikk. Det einaste som uroar meg er det manglande engasjementet frå tillitselevane.
På årsmøtet var vi i alt 15 delegatar, noko som gjorde at vi var vedtaksdyktige. Vi gjekk gjennom Arbeidsprogram, Politisk Måldokument, Politiske Prioriteringar og Vedtekter. Dei som ville kunne kome med forslag om endring av eksisterande punkt, eller legge til nye. Heldigvis var det ein del forslag, noko som gav grunnlag for eit godt ordskifte. Som seg hør og bør på eit EO-arrangement var der òg eit målordskifte – som alltid er den mest engasjerande. Therese og eg var særs nøgd med årsmøtet. For vi sat ikkje berre i møte, der var og mykje sosialt. Der plar vere mykje fine folk på EO, så det var aldri kjedeleg. Eg vonar berre at vi ved neste høve klarar å reise mannsterke, om det så berre er stordalingar.